Ryddeaksjonen på Skorpa er utsett

Grunna Stiv Sørvestleg kuling og stor bølgehøgde har Fallgard og Herøy Vidaregåande Skule utsett ryddeaksjonen på Vestsida av Skorpa. Sikkerheita til dei som skal være med er hovudfokuset vårt og veret er rett og slett for dårleg til at vi trygt kan gjennomføre ryddinga.

I staden, vil elevane ved HVS gjennomføre ein større ryddeaksjon frå Rundkøyringa på Hjelmeseth, og heile området på Gjertneset, Mjølsteinneset Industriområda og innover i Straumane.  HVS stiller med meir ca. 90 elevar, så det er mange som er i aksjon.  Dei startar kl 09:00 i morgon tidleg.  All ære til kjekk Norsk ungdom som vil rydde opp i avfallet! Dersom du vil være med å hjelpe, så er det berre å møte opp.